onsdag 7. mars 2018

Uro rundt organisering på Vestlandet

Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet møter motstand frå alle kantar i sitt forslag til ny administrativ organisering på den fusjonerte høgskulen. Saka skal opp i styret torsdag.

Det har kome mange høyringssvar og nesten like mange meiningar på forslag til administrativ organisering på Høgskulen på Vestlandet. Styremøte finn stad både onsdag kveld og torsdag. I sakspapira er det brukt nesten 300 sider på saka. 268 sider med høyringssvar og 29 sider med saksframlegg.

Rektor Berit Rokne sitt forslag til organisering følgjer prinsippa i den faglege organiseringa ved høgskulen, men kritikarane frykter at konsekvensane er sentralisering og ein topptung fellesadministrasjon. Nokon er også kritiske til sjølve prosessen.

Kilde: Khrono

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar