torsdag 19. desember 2019

Født i 1963 eller seinare? No får du nye pensjonsregler!

De som er født en stund før 1963 husker kanskje den første filmen om Ian Flemings James Bond, "Dr No".
Født før eller etter 1963: det får konsekvenser for pensjon, men det er uansett viktig ikke å spille bort pengene.
Frå årsskiftet gjeld nye regler for opptening og uttak av alderspensjon for offentleg tilsette som er født i 1963 eller seinare. Dei som er opptekne av pensjon kallar dette den største endringa i offentleg tenestepensjon på 100 år. Her får du vite kvifor.

Dei viktigaste måla med endringane som trer i kraft 1. januar 2020 er:
  • Det skal løne seg å jobbe lenger
  • Det skal vere enklare å veksle mellom jobb i offentleg og privat sektor utan å tape pensjon
For deg som har opptening både før og etter 2020, skjer det ikkje noko før du vel å ta ut alderspensjon. Då vil pensjonen du har tent til og med 2019, og pensjonen du har tent frå og med 2020, bli utrekna på to ulike måtar.

Inga samordning framover
Alderspensjonen du har tent opp før 2019 skal samordnast med folketrygda. Det inneber at alderspensjonen frå SPK blir justert opp eller ned basert på alderspensjonen frå folketrygda, slik at ytinga samla utgjer ein viss prosent av sluttlønna. Alderspensjonen du tener opp frå 2020 skal ikkje samordnast med folketrygda. Utbetalinga vert ikkje påverka av storleiken på folketrygda, men kjem som eit tillegg – eit påslag – til alderspensjonen frå folketrygda og eventuelt andre pensjonsordningar.

Frå sluttløn til behaldning
Opptening før 2020 blir rekna ut som ein prosentdel av sluttlønna di, det vil seie årslønna di per 31.12.19. Frå 2020 blir alderspensjonen tent opp og samla i ei behaldning. Kvart år vil ein prosentsats av lønna leggast til behaldninga, og alle år i arbeid fram til og med 75 år vil gi opptening.
AFP vert endra
Den endelege utforminga av avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor er ikkje vedteke. Partane i arbeidslivet er likevel einige om at:
  • AFP skal vere ei livsvarig yting i tillegg til alderspensjonen
  • du skal kunne ta ut AFP fleksibelt mellom 62 og 70 år
  • det skal vere mogeleg å kombinere AFP og arbeid
Er du svolten på meir informasjon om korleis det blir frå og med 2020? På spk.no kan du lese meir om:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar