onsdag 8. mars 2023

Verv nye medlemmer til Forskerforbundet ved HVL

Foto: rawpixel.com
Gode medlemmar!

Forskerforbundet er største organisasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Dette gjer lokallaget mynde og vekst som gjere til at Forskerforbundet får påverke dei fleste prosessar ved HVL. Dette arbeidet skal vi fortsetje med.

Lokallaget har hatt ein god medlemsvekst den seinare tid, og vi nærmar oss 700 medlemmar. På årsmøtet 22. mars hadde det vore fint å kunne seie at vi faktisk er blitt 700 medlemmar. Vi vil minne om Forskerforbundet si vervekampanje, der du som vervar får 500 i vervepremie. I tillegg til dette vil lokallaget gå inn og gje ytterlegare 500 kr til den som vervar nye medlemmar. Den som vervar medlem nr 700 får eit gåvekort på kr 1000. Denne kampanja vil vare fram til 1. juni.

God jakt på nye medlemmar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar