onsdag 26. april 2023

Overtid – Hva og hvordan

Foto: Rashid Akrim, NRK P3 - CC-BY-NC-SA
Kva er overtid og korleis vert du pålagd overtid? 

Reglane om arbeidstid er står i arbeidsmiljøloven kap. 10.

Arbeidstida på Høgskulen på Vestnadet er frå 07:00 til 17:00 på kvardagar og arbeidsveka si ramme er 37,5 timar (sjå hovedtariffavtalen i staten pkt. 3, § 7). Pålagd arbeide ut over desse rammene reknast som overtid. 

Du kan verte pålagd overtid på fleire måtar. Det er nok at det etter omstenda er klårt at den tilsette har fått instruks eller pålegg om å arbeide ut over arbeidstida si lengde. Til dømes: Om ein i arbeidsplanen blir pålagd så mykje undervising i første del av eit semester at ein ikkje kjem i mål utan å arbeide kveldar eller helgar, er det pålagd overtid. 

Mulige unntak

Reglane om overtid gjeld ikkje fullt ut for dei som har ei «Særleg uavhengig stilling». Det er tvilsamt om det finnes fagtilsette ved HVL som har slik stilling. På arbeidstilsynet sine nettsider finn du ei god oppsummering av rettspraksis om kva som skal til for at ei stilling skal reknast som særleg uavhengig stilling.

Les meir i skrivet er utarbeidd av Dag Digernes (juristforbundet) og Margrete Stave Aksnes (FO). Dette er sent medlemmene via epost.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar