Vedtekter

Vedtekter for Forskerforbundet ved Høgskulen på Vestlandet

Vedtekne på årsmøte 13. mars 2018 – godkjent av AU/HS 30. januar 2019, med endringar vedtekne på årsmøtet 30. april 2020 


§1. TILKNYTTING OG STATUS 
Forskerforbundet ved Høgskulen på Vestlandet er Forskerforbundet sitt lokallag ved HVL. Forskerforbundet sine vedtekter gjeld for lokallaget, og dei lokale vedtektene utfyller desse. 

§2. FØREMÅL  
Lokallaget tek vare på medlemmene sine økonomiske og yrkesmessige interesser samt arbeidstilhøva deira ved HVL, og hjelper medlemmene i spørsmål knytt til lov- og avtaleverket. Lokallaget ved HVL opptrer på vegne av Forskerforbundet overfor HVL i tråd med lov- og avtaleverket. 

§3. MEDLEMMER
Eit medlem av Forskerforbundet som er tilsett ved HVL, er medlem i lokallaget ved HVL. 

§4. ORGAN 
FF-HVL sine organ er: 
  • Årsmøte for lokallag og klubbar  
  • Lokallagsstyre  
  • Klubbstyrer  

§5. ÅRSMØTET  
Årsmøtet er lokallaget sitt øvste organ. Alle medlemmene i lokallaget har møte-, tale- og stemmerett. Lokallagstyret kallar inn til årsmøte, og sender ut dagsorden/sakspapir og innkomne forslag minst 2 veker før møtet. Innkomne forslag må væra styret i hende innan 4 veker før årsmøtet. 

Ordinært årsmøte vert gjennomført innan utgangen av mars. Ekstraordinært årsmøte vert halde når lokallagsstyret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemmene ønskjer det. 

Årsmøtet vel leiar og nestleiar(ar). Dei fem klubbrepresentantane vert valde ved listeval. Årsmøtet godkjenner rekneskap, budsjett, årsrapport og eventuelt arbeidsprogram. 

Årsmøtet handsamar og uttaler seg om saker som vert lagt fram av lokallagsstyret eller av enkeltmedlemmer. Årsmøtet vel valkomité som er sett saman av 4 medlemmer. Dei vert valde for to år. 

Valkomiteen sitt framlegg vert sendt til medlemmene seinast 1 veke før årsmøtet. På årsmøtet presenterer valkomiteen sine forslag. Valet vert gjennomført på årsmøtet. 

§6. LOKALLAGSSTYRE 
  
Lokallagsstyret består av 9 medlemmer med personlege vara for dei tre nestleiarane og dei fem klubbleiarene:  
  • leiar  
  • tre nestleiarar  frå kvar nærregion  
  • dei fem klubbleiarene som er klubbens representant i lokallagsstyret 
Leiar i Forskerforbundet ved HVL representerer medlemmene på verksemdsnivå i tråd med avtaleverket. Nestleiarar fungerer som vara for leiar. 

Lokallagsstyret sine medlemmer vert valde for to år. Lokallagsstyret, inkludert personlege varamedlemmer for nestleiarane og dei fem klubbleiarane, skal så langt det er mogeleg settast saman på ein måte som sikrar brei representasjon på tvers av campusar, stillingsgrupper og kjønn. Nye verv trer i kraft frå 1. august. 

Lokallagsstyret kan gjera vedtak når minst halvparten av styremedlemmene er til stades. Ved likt tal stemmer har leiar dobbelstemme.  

Leiar og dei tre nestleiarane har ansvar for at følgjande oppgåver blir utførte:  
  • den daglege drifta av lokallaget  
  • innkalling til års-, styre- og medlemsmøter  
  • utarbeiding av framlegg til budsjett, årsmelding og arbeidsprogram for lokallaget  
  • rekruttering av nye medlemmer  
  • oppnemning av representantar til verv, utval og råd på verksemd- og driftsnivå  
  • føring av referat frå års-, styre- og medlemsmøter  
  • eigne nettsider 
Lokallagsstyret har eit særskild ansvar for å bidra til og fordele ressursar til campus-baserte tiltak og tiltak på tvers av klubbane ved HVL. 

§7. KLUBBSTYRER  
Lokallaget består av klubbar på fakulteta og i fellesadministrasjonen; i alt fem klubbar. Namnet på klubbane er FLKI, FIN, FØS, FHS og FA. Klubbane representerer Forskerforbundet på det einskilde fakultetet. Alle medlemmer, uansett stillingsgruppe, er medlem i klubben på det fakultet der dei er tilsett. 

På klubbnivå har dei tillitsvalde mynde til å opptre på Forskerforbundet sine vegne etter lov- og avtaleverk. Klubbane skal ivareta medlemmene sine interesser på fakultet og hjelpa medlemmene etter lov- og avtaleverk. 

Årsmøtet er det øvste organet i klubben. Klubbstyret kallar inn til årsmøte. Dei sender også ut dagsorden og sakspapir minst to veker før møtet. Ordinært årsmøte vert halde seinast 2 veker før årsmøtet i lokalagsstyret. Ekstraordinært årsmøte vert halde når klubbstyret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemmene ønskjer det. 

Årsmøtet vel klubbstyre og valkomité og handsamar årsrapport og eventuelt arbeidsprogram. Klubbstyra konstituerer seg sjølve. Klubbstyret og valkomiteen sine medlemmer vert valde for to år.  

Klubbleiar er normalt klubbrepresentant i lokallagsstyret. Klubbleiar kan normalt ikkje ha vervet som leiar eller nestleiar i lokallagsstyret. Nye verv trer i kraft frå 1. august 

Årsmøtet handsamar og uttaler seg om saker som vert lagde fram av klubbstyret eller av enkeltmedlemmer. Årsmøtet bestemmer valprosedyrar. Klubbstyret består av minst tre personar, der ein er leiar. Klubbstyret står for den daglege drifta av klubben. Klubbstyret skal mellom anna velje representantar til verv, utval og råd, kalla inn til års-, styre- og klubbmøter, utarbeida årsrapport og eventuelt arbeidsprogram og rekruttera nye medlemmer. Det skal skrivast referat frå klubbstyremøta. Referata skal gjerast kjende for klubbmedlemmane. 

Klubbstyret skal så langt det er mogeleg setjast saman slik at det vert sikra rimeleg representasjon på tvers av campus, stillingsgrupper og kjønn. 

Klubbstyret kan gjera vedtak når minst halvparten av styremedlemmene er til stades. Ved likt tal stemmer har leiar dobbeltstemme. 

Klubbene har ikkje eigen økonomi. Utlegg til møter, kurs, servering og liknande må godkjennast av lokallagsstyret på førehand. Klubbane kan ikkje pådra Forskerforbundet økonomiske forpliktingar. 

Alle fråsegner til sentrale myndigheiter, tenestemannsorganisasjonar eller hovudsamanslutningar over fakultet-nivå skal gå gjennom lokallagsstyret. Lokallagstyret avgjer om saka skal fremjast. 

Klubbane kan vedta eigne vedtekter. Desse skal godkjennast av lokallagstyret. 

§8. EKSKLUSJON  
Berre hovudstyret i Forskerforbundet sentralt kan ekskludera medlemmer. 

§9. ENDRING I VEDTEKTENE  
Årsmøtet kan endra dei lokale vedtektene etter framlegg frå styret eller enkeltmedlemmer. Framlegg til endringar skal vera gjort kjende for medlemmene seinast to veker før årsmøtet. Eit framlegg om endringar krev 2/3 fleirtal av stemmene på årsmøtet for å bli vedteke.