torsdag 8. desember 2022

Lønsoppgjeret 2022

Det sentrale oppgjeret

Ny hovudtariffavtale frå 1. mai 2022 med ny samarbeidspartnar hovudsamanslutninga Akademikarane. Målet med den nye avtala er å få til betre lønsutvikling for våre medlemmar.
  • Pott på 2,46% i lønsauke som medførte ein pott på nesten 26 millionar kroner som har blitt forhandla lokalt mellom arbeidsgjevar og fagforeningane i Unio og Akakemikerne.
  • Hovudtariffavtala slår fast at vi kan ta i bruk desse verkemiddela i lokala lønsforhandlingar: generelle tillegg, gruppetillegg og individuelle tillegg.

  • Nytt i denne hovudtariffavtala:
    • Løn blir oppgitt i kroner, lønstrinn er fjerna.
    • Lønsråmer er erstatta med lønsstigar på 10 og 16 år.
    • Stillingskode avgjere om du er direkteplassert eller i ein lønsstige, ansiennitet blir rekna frå tidsspunktet du fekk stillingskoden du no har.
    • Tilsette i kort lønsstige (10 år) får 1,1% i lønsauking per år, mens tilsette i lang lønsstige (16 år) får 1,1% per år i lønsauking i dei fyste 10 åra og deretter 0,55% i lønsauking per år i dei neste seks åra.

  •  Over 50% av Forskerforbundet sine medlemmar ved HVL har no komme inn på ein lønsstige med automatiske lønsopprykk, før lønsoppgjeret var det berre 15% av medlemmane som var i stige.
  • Stipendiatane har fått ein lønsstige med ein årleg lønsvekst på 3% i fire år.
  • Detaljar i det sentrale lønsoppgjeret finn du her: HTA 2022-24 Akademikerne og Unio (regjeringen.no)

Det lokale lønsoppgjeret

Styret løyva 3 millionar ekstra til potten til lokale lønsforhandlingar, som blei delt forholdsmessig mellom dei to Hovudtariffavtalene. Samla var potten i vår avtale om lag 28,5 millionar kroner.
  • Fagforeiningane ved HVL framforhandla ei avtale med generelle lønspåslag på 1,7%, der medlemmane får minimum 10.000 og maksimum 15.000 kroner.
  • Resten av potten vart nytta til individuelle lønsforhandlingar.
  • Forskerforbundet fekk gjennom fleire kodekrav til tenisk- administrative medlemmar.
  • Lønsoppgjeret gjeld frå 1. mai 2022, og lønspåslaget vil bli utbetalt på desemberløna.

Er du tilsett etter 1. mai 2022: hugs at arbeidsgjevar skal etter dialog med deg, vurdere di lønsfastsetjing innan eit år etter tilsetting.

Forskerforbundet seier seg godt nøgde med lønsoppgjeret lokalt ved HVL, sjølv om vi ikkje fekk gjennomslag for alle våre krav og prioriteringar. Våre analyser viser at det løner seg å være organisert og ha Forskerforbundet til å snakke di sak under lokale lønsforhadlingar. Samstundes ser vi at konsumprisindeksen er mykje høgare en den generelle lønsveksten på 2,46%, noko som gjere at Forskerforbundet lokalt og sentralt må arbeide for eit betre lønsoppgjer i 2023. Det å heve lønsnivået på HVL blir ei viktig sak for Forskerforbundet framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar