04/18 Årsmøte klubb FIN

Referat frå Årsmøte i Forskerforbundet ved FIN ( ), HVL 2018

 

Tid: 24. april, 12:00-14:00

Stad:  Rom F228-KRN (Bergen), Møterom Foss (Sogndal), og møterom B-39-01 (Stord)

 

Sak 1. Innkalling og dagsorden, kontinuering

Innkalling og dagsorden var godkjent utan merknader. Alvhild Bjørkum vart vald som møteleiar, medan Øyvind M. Berge vart vald som referent.

Sak 2. Årsmelding

Fungerande leiar i klubben orienterte om aktiviteten i 2017. I tillegg blei det supplert frå representantar frå kvar region. Det har ikkje vore lage ei skrifteleg årsmelding i år, men vart lagt fram i møte. Året har vore prega av fusjon og oppgåver knytt til å etablere ein ny felles klubb. I tillegg til å bygge lokallag, har aktuelle saker i åre som har gått vore arbeidsplanar, økonmimodell og talet på institutt på FIN.

Sak 3. Orientering om aktuelle saker v/Gjert Anders Askevold, leder FF-HVL og hovedtillitsvalgt

Hovudtillitsvald og leiar Gjert Ander Askevold presenterte seg sjølv og gjekk igjennom aktuelle saker FF arbeidar med. Ein har fram til no arbeidd med ulike måtar å organisere FF HVL på. Ein enda på ein modell med 5 klubbleiarar (frå kvart fakultet og administrasjon), 1 hovudtillitsvald/leiar og 2 nestleiarar. No som ein får på plass klubbstyrer ser leiaren fram mot å bygge FF saman.

Sak 4. Aktuelle saker frå medlemmane

Sak 5. Valg av FF-FIN-styremedlemmer

Framlegg:

Alvhild Bjørkum leiar,

Styremedlem:

1.     Region Midt: Lise Bjørkhaug Gundersen og Øyvind Midtbø Berge

2.     Region Nord: Deta Gasser

3.     Region Sør: Gisle Yngvar Romslo Kleppe

Ale blei vald med akklamasjon. Styret konstituerer seg sjølv.

Sak 6. ID-FIN representasjon frå FF-FIN-HVL

Leiar er fast representant frå FF-FIN i Informasjon og drøftingsmøtet (ID) med dekanen på FIN. Kleppe (sør) og Gasser (nord) er bisitjarar. Berge og Gundersen er vara om noko ikkje kan stille.

Sak 7. Valkomité

Det må settast ned ein valkomité. Styret får ansvar for dette.

 

 

Referent

Øyvind M. Berge