Til stades: Terje Myklebust, Maria-Rosa Doublet og Håvard Ulstein
Saker knytt til ID-møte 21.10.2024
Sak 1 Oppfølging av saker frå ID-møte 23.09.2024
Sak frå UDF/FF knytt til førsteårsstudenten på Stord
Sak 2 Informasjon frå leiinga
1. Utlyste stillingar som assisterande instituttleiarar (IIKN og ISLMT)
2. Mandat utval omfordeling (sjå vedlegg)
3. Styrkingsmidlar GLU (sjå vedlegg)
Sak 3 Saker innmeldt frå tillitsvalte og hovudverneombod
UDF: 1. Lokalt opptak og kompenserande tiltak (sjå vedlegg)
Skal styrkingsmidlane nyttast til studentassistentar eller er det frå midlane knytt til studentassistentordninga? Kor mykje midlar kan nyttast frå studentassistentordninga i så fall?
Sak 4 Drøftingssaker
1. Mandat for utvikling av studieporteføljen (sjå vedlegg)
FF oppmodar instituttleiarane om å invitere dei tilsette til å melde seg for slik å ha eit utval å velje ut frå.
2. Studieportefølje 25/26 (sjå vedlegg)
FF forstår 0-opptak for samlingsbasert GLU ut frå behovet for å gjere endringar. På sikt bør fakultetet få opp ei samlingsbasert utdanning.
FF vil peike på at medverknad frå tilsette har vore for dårleg og forventar at prosessen blir betre til neste studieporteføljeprosess.
3. Møteplan vår 2025 (sjå vedlegg)
Mange utdanningsmøte kjem på same dato. Bør sjå nærare på om det er behov for å endre dato for program som samarbeider tett, som t.d. PPU og MDIP/MPUV.
FF oppmodar at FLKI spelar til HVL at ein bør unngå å legge semesterstart for studentar i vårsemesteret samtidig med semesterstart for tilsette. Årsaka er at det er behov for å avslutte haustsemester og planlegge vårsemester.
Sak 5 Eventuelt
Sak 6 Evaluering av partssamarbeidet (sjå vedlegg)
Partssamarbeidet skal evaluerast årleg. Vedlagt finn de sjekkliste for rammer og samhandling, utarbeidd av Difi. Ber om at alle førebur seg på å gi tilbakemelding på punkta i sjekklista.
Klubbstyret gjekk gjennom sjekklista for rammer og samhandling og peikte særleg på følgjande.
Partssamarbeidet fungerer på mange vis bra, men det er framleis ei utfordring at innspel ofte ikkje blir noko resultat av. Viktige saker som er ein del av årshjulet bør i større grad kome ut tidlegare for at tillitsvalde kan få høve til å diskutere saker med sine medlemmar. Det er blitt betre og FF ser det som viktig at saker kan bli tatt opp fleire gongar for å kunne sjå utviklinga i viktige saker. Det er ei forventning o