Dobbel vervepremie

Publisert 21. september 2024

Dobbel vervepremie i Forskerforbundet fram til 30. september.

Medlemstalet i Forskerforbundet på HVL er no 699, og vi er framleis den klart største fagorganisasjonen på HVL. Slagordet «Saman er vi sterke» gjeld særleg i fagforeiningssamanheng, og det er viktig at vi er mange medlemmer for å få sterkast mogleg gjennomslagskraft i våre saker. Derfor er det viktig at vi sørgjer for å bli endå større, men då treng vi fleire medlemmer. 

Som medlem av Forskerforbundet har du og nye medlemmer ein rekke  fordelar der ein kan spare pengar på bank og forsikring, og dersom det oppstår problem på jobben, har ein rett til juridisk bistand. 


For at vi skal bli fleire, så må vi i fellesskap rekruttere nye medlemmer. Ein effektiv måte å rekruttere på er gjennom den personlege kontakten med potensielle nye medlemmer, og kvar og ein av dykk er derfor viktige i dette rekrutteringsarbeidet. 

Fram til 30. september har Forskarforbundet sentralt ein vervekampanje dobbel vervepremie – 1 000 kroner – for den første medlemmen du vervar.  I tillegg får du eit gåvekort på 500 kroner frå lokallaget , og dette tilbodet frå lokallaget gjeld ut kalenderåret.

 


Så dersom du har ein kollega i tankane som du vil spørja om å bli medlem i Forskerforbundet, så løp og verv!