Vedtekter

Vedtekter for Forskerforbundet ved Høgskulen på Vestlandet  

 
Vedtekne på årsmøte 13. mars 2018 – godkjent av AU/HS 30. januar 2019, med endringar vedtekne på årsmøtet 30. april 2020

§1. TILKNYTTING OG STATUS
Forskerforbundet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er Forskerforbundet sitt lokallag ved HVL. Forskerforbundet sine vedtekter gjeld for lokallaget, og dei lokale vedtektene utfyller desse.

§2. FØREMÅL 
Lokallaget tek vare på medlemmene sine økonomiske og yrkesmessige interesser samt arbeidstilhøva deira ved HVL, og hjelper medlemmene i spørsmål knytt til lov- og avtaleverket. Lokallaget ved HVL opptrer på vegne av Forskerforbundet overfor HVL i tråd med lov- og avtaleverket.

§3. MEDLEMMER
Eit medlem av Forskerforbundet som er tilsett ved HVL, er medlem i lokallaget ved HVL.

§4. ORGAN
FF-HVL sine organ er:
 

 
§5. ÅRSMØTET  
Årsmøtet er lokallaget sitt øvste organ. Alle medlemmene i lokallaget har møte-, tale- og stemmerett. Lokallagstyret kallar inn til årsmøte, og sender ut dagsorden/sakspapir og innkomne forslag minst 2 veker før møtet. Innkomne forslag må være styret i hende innan 4 veker før årsmøtet.

Ordinært årsmøte vert gjennomført innan utgangen av mars. Ekstraordinært årsmøte vert halde når lokallagsstyret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemmene ønskjer det.

Årsmøtet vel leiar og nestleiar(ar). Dei fire klubbrepresentantane vert valde ved listeval. Årsmøtet godkjenner rekneskap, budsjett, årsrapport og eventuelt arbeidsprogram.

Årsmøtet handsamar og uttaler seg om saker som vert lagt fram av lokallagsstyret eller av enkeltmedlemmer. Årsmøtet vel valkomité som er sett saman av 4 medlemmer. Dei vert valde for to år.

Valkomiteen sitt framlegg vert sendt til medlemmene seinast 1 veke før årsmøtet. På årsmøtet presenterer valkomiteen sine forslag. Valet vert gjennomført på årsmøtet.

§6. LOKALLAGSSTYRE
Lokallagsstyret består av 8 medlemmer, leiar, tre nestleiarar og dei fire klubbleiarene (eventuelt vara):  


Leiar i Forskerforbundet ved HVL representerer medlemmene på verksemdsnivå i tråd med avtaleverket. Nestleiarar fungerer som vara for leiar. 

 
Lokallagsstyret sine medlemmer vert valde for to år. Lokallagsstyret skal så langt det er mogeleg settast saman på ein måte som sikrar brei representasjon på tvers av campusar, stillingsgrupper og kjønn. Nye verv trer i kraft frå 1. august. 

 

Lokallagsstyret kan gjera vedtak når minst halvparten av styremedlemmene er til stades. Ved likt tal stemmer har leiar dobbelstemme.  

 

Ansvarsområder HTV og nestleiarane


Lokallagsstyret har eit særskild ansvar for å bidra til og fordele ressursar til campus-baserte tiltak og tiltak på tvers av klubbane ved HVL.

§7. KLUBBSTYRER  
Lokallaget består av klubbar på fakulteta og i fellesadministrasjonen; i alt fire klubbar. Namnet på klubbane er FLKI, FTMS, FHS og FA. Klubbane representerer Forskerforbundet på det einskilde fakultet. Alle medlemmer, uansett stillingsgruppe, er medlem i klubben på det fakultet der dei er tilsette.  


Klubbstyra skal ha medlemmer frå minst 50% av campusane der dei er representerte. Dei ulike klubbstyra skal vere breitt samansette, det skal vere representantar frå ulike stillingsgrupper, kjønn og institutt/fagområde. Anbefalt tal medlemmar i kvart klubbstyre er lik tal på institutt pluss éin der denne skal vere administrativt tilsett.


Arbeidsoppgåver klubbnivå


På klubbnivå har dei tillitsvalde mynde til å opptre på Forskerforbundet sine vegne etter lov- og avtaleverk. Klubbane skal ivareta medlemmene sine interesser på fakultetet og hjelpe medlemmene etter lov- og avtaleverk.

Årsmøte er det øvste organet i klubben. Klubbstyret kallar inn til årsmøte. Dei sender også ut dagsorden og sakspapir minst to veker før møtet. Ordinært årsmøte vert halde seinast 2 veker før årsmøtet i lokalagsstyret. Ekstraordinært årsmøte vert halde når klubbstyret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemmene ønskjer det.

Årsmøtet vel klubbstyre og valkomité og handsamar årsrapport og eventuelt arbeidsprogram. Klubbstyra konstituerer seg sjølve. Klubbstyret og valkomiteen sine medlemmer vert valde for to år.  

  

Klubbleiar er normalt klubbrepresentant i lokallagsstyret. Klubbleiar kan normalt ikkje ha vervet som leiar eller nestleiar i lokallagsstyret. Nye verv trer i kraft frå 1. august 

 

Årsmøtet handsamar og uttaler seg om saker som vert lagde fram av klubbstyret eller av enkeltmedlemmer. Årsmøtet bestemmer valprosedyrar. Klubbstyret består av minst tre personar, der ein er leiar. Klubbstyret står for den daglege drifta av klubben. Klubbstyret skal mellom anna velje representantar til verv, utval og råd, kalla inn til års-, styre- og klubbmøter, utarbeida årsrapport og eventuelt arbeidsprogram og rekruttere nye medlemmer. Det skal skrivast referat frå klubbstyremøta. Referata skal gjerast kjende for klubbmedlemmane. 

  

Klubbstyret kan gjere vedtak når minst halvparten av styremedlemmene er til stades. Ved likt tal stemmer har leiar dobbeltstemme. 

 

Klubbane har ikkje eigen økonomi. Utlegg til møter, kurs, servering og liknande må godkjennast av lokallagsstyret på førehand. Klubbane kan ikkje pådra Forskerforbundet økonomiske forpliktingar. 

 

Alle fråsegner til sentrale myndigheiter, tenestemannsorganisasjonar eller hovudsamanslutningar over fakultets-nivå skal gå gjennom lokallagsstyret. Lokallagstyret avgjer om saka skal fremjast. 

 

Klubbane kan vedta eigne vedtekter. Desse skal godkjennast av lokallagstyret. 

 

§8. EKSKLUSJON  

Berre hovudstyret i Forskerforbundet sentralt kan ekskludere medlemmer. 

 

§9. ENDRING I VEDTEKTENE  

Årsmøtet kan endre dei lokale vedtektene etter framlegg frå styret eller enkeltmedlemmer. Framlegg til endringar skal vera gjort kjende for medlemmene seinast to veker før årsmøtet. Eit framlegg om endringar krev 2/3 fleirtal av stemmene på årsmøtet for å bli vedteke.