Sist oppdatert 24. februar 2025
Lønsoppgjeret ved HVL er no komme i hamn, og Forskerforbundet har komme ut med eit godt resultat. Forskerforbundet sine medlemmar har samla fått over 14 millionar kroner av ein pott på ca. 30,4 millionar kroner.
Les også Slik ble lønnsoppgjøret for 2024 i UH-sektoren – postet 6. april 2025
Du finner lokal informasjonom oppgjøret på Vestibylen.
" Resultatet for den einskilde blir sendt ut frå veke 9. HR utarbeider lister over dei som har fått lønnsjustering i forhandlingane /../ Det vil så vere næraste leiar som får ansvaret for å informere sine medarbeidarar om lønnsjusteringa. "
I lønsoppgjeret har vi forhandla saman med dei andre UNIO-forbunda og Akademikerne, vi har framforhandla desse tillegga for tilsette i Hovudtariffavtala til UNIO og Akademikerne:
2,17% i generelt tillegg til nesten alle, for unntak sjå nedanfor
Gruppetillegg på 20.000 kr til dosentar som bidreg til utjamning mellom gruppene professor og dosent
Gruppetillegg Verknadstidspunkt for medlemmar i UNIO, 1.000 kr
Gruppetillegg Sakshandsamar/ingeniør stillingar i spenn, 2.500 kr
Individuelle tillegg og kodeendringar etter våre prioriterte lister
Vi vart samde med arbeidsgjevar at dei av oss som har fått ny stilling eller har fått opprykk etter verknadstidspunktet ikkje får generelle tillegg, sidan dei har fått ei lønsvurdering som ivaretek lønsveksten i lønsoppgjeret. Løn og lønsdanning er eit kontinuerleg arbeid, sjølv om vi kom fram til eit godt resultat er det områder å arbeide vidare med, noko våre tre protokolltilførslar under viser.
Lønssystemet og prinsipp
Organisasjonane meiner at arbeidsgjevar proaktivt burde ha tatt i bruk lønssystemet og aktivt bruke Hovudtariffavtalen, spesielt 2.5.3 og 2.5.5 pkt. 3 for å heve lønsnivået på HVL. I dette lønsoppgjeret har arbeidsgjevar nytta potten til å rette opp i skeivfordelingar som skulle ha vore tatt under ei 2.5.3 forhandling.
Økonomiske situasjon til HVL
2024 har vore eit år prega av uro, økonomiske kutt og omstilling. Våre medlemmer har bidratt aktivt til å betre den økonomiske situasjonen til HVL. Dette må vise igjen i framtidige lønsoppgjer i form av prioritering av organiserte og ekstraløyvingar for å heve konkurransekrafta til HVL.
Organisert arbeidsliv
Tillitsvalde arbeider for organiserte medlemmer, arbeidsgjevar burde i større grad tilgodesett det organiserte arbeidslivet.
Arbeidsgjevar vil informere kvar enkelt av oss om vår individuelle lønsvekst. Etterbetalinga frå verknadstidspunktet 5. juni kjem på marsløna. Vi ser no framover mot eit nytt lønsoppgjer. 2025 er året der vi får to lønsoppgjer, ein ekstra gjennomgang av skattekort og forventa løn for 2025 kan være lurt.