Postet 7. april 2025
Gode medlem
Forskerforbundet håpar du snart kan ta deg påskefri og nyte nokre vel fortente dagar med rekreasjon, anten det er heimepåske eller vekkepåske.
HVL og alle oss som arbeidar her står i ein krevjande situasjon med økonomiske kutt og omstilling. Dei førebelse prognosane for 2025 ser bra ut, og vi håpar på rolege tider.
Ute i verda er det ein spent situasjon som vi følger interessert med på, somme tider blir vi litt urolege. Som fagforeining tenkjer vi i denne tida at kvar og ein av oss skal verne om Akademisk fridom, Demokrati og Mangfald.
Medlemsseminara til Forskerforbundet viser god oppslutning og det er venteliste. Spre det gode ordet om Forskerforbundet, og hugs at det er gode medlemsfordelar i Forskerforbundet og flotte vervepremiar.
Rundt omkring på campus vil de i denne veka finne litt påskegodt til deg frå Forskerforbundet. Vervar du nye medlemmar får desse medlemmane og sjølvsagt nyte godt av påskegodtet vi set ut.
God Påske!
Helsing
Forskerforbundet HV