Til stades:
Terje, Maria-Rosa og Håvard
Saker knytt til ID-møte 25.03.2025
Revidert ressursfordelingsmodell (C1)
Praksisressurs til utdanningar utan rammeplanfesta praksis. Det er problematisk knytt til m.a. Teiknspråk og tolking. Kostnadar til praksis og det er viktig å grunngi at det skal vere praksis i utdanningar som ikkje har det rammeplanfesta, men det er eit spørsmål knytt til å sørgje for at kvaliteten i praksis er god. FF meiner at å nytte styrkingsressurs knytt til det som i realiteten er praksisressurs i fleire tilfelle er uheldig. FF støttar Utdanningsforbundet i kravet om å ha praksisressurs.
Fakultetsplan FLKI 2025
Planen er prega av å ha eit for detaljert oppdragsbrev som ikkje klarer å vere på eit overordna nivå, der fakultetsplanen litt mekanisk forsøker å svare ut oppdragsbrevet. Det er også ein plan som ikkje heilt klarer å skille mellom prioriteringar/tiltak og mål. Fakultetsplanen bør i større grad konkretisere fleire tiltak for 2025.
Møteplan FLKI haust 2025
ID-møte er sett opp 22. september og 20. oktober. Begge bør leggast tidlegare fordi ID-utvalet blir viktig legitimeringskanal for søknadar til Utdanningsutvalet 15. september og studieportefølje 15. oktober.