Til stades: Ingvild, Kari Olene, Rosa, Terje og Håvard
Sakliste informasjon- og drøftingsmøte FLKI, 27.01.2025
Sak 1 Oppfølging av saker frå ID-møte 16.12.2024
Budsjett 2025: presentere ei meir detaljert oversikt til nokon av postane og ei oversikt over kostnadane til II-stillingar.
Sak 2 Informasjon frå leiinga
Svar på dispensasjon – LUPE, sjå vedlegg
Tildelingsbrev 2025, sjå vedlegg
Disponeringsskriv 2025, sjå vedlegg
Ang. punkt 1.3.1 så står det: «Dette inneber ein fullfinansiering av vidareutdanningane og at utdanningane ikkje skal rapporterast som eigenfinansierte og inngå i grunnlaget for resultatbasert utteljing.» Setninga, som følgje av ‘og inngå’ kan lett bli misforstått.
Rektors oppdragsbrev, sjå vedlegg
Sak 3 Saker innmeldt frå tillitsvalte og hovudverneombod
Ingen innmeldte saker
Sak 4 Drøftingssak
Ingen saker til drøfting
Sak 5 Eventuelt
Kva politikk/føringar har FLKI knytt til krav om første-/toppkompetanse i dei komande utlysingane av leiarstillingar i fakultetet?
Høyring: C1 – Forslag til revidert budsjettmodell (frist 23.01.2025)
Det har vore innspelsmøte 21.01. Høyringsinnspelet frå FF/FLKI presenterer forsøksvis ei stemme, men sørgjer for at innspela i møtet 21. blir tatt med.
Store emne i GLU kjem dårleg ut. Bør be om at konsekvensane skal greiast ut og at det blir vurdert å kompensere på dette. Store grupper har ein samlebandeffekt, men det er til dels store strukturelle utfordringar som tar av ressursane.
Ph.d.-emne. Har vesentleg større ressursar enn emne i grunn- og vidareutdanningane. Det bør bli vurdert om ressursar frå emna heller skal gå til rettleiing med tanke på gjennomstrøyming i Ph.d.-programmet
Bør sjå nærare på konsekvensane av at praksisressursane til utdanningar utan rammeplanfastsett ikkje får ressursar.
Udir-finansierte vidareutdanningar. I forslaget ressursen, sjølv med styrking, er vesentleg mindre enn dagens ordning. Bør utsette det eit år i tråd med at tildelinga frå Udir held fram eitt år til.