11.06.2025
Til stades: Kjetil, Terje, Kari Olene og Håvard
Saksliste
Saker knytt til informasjon- og drøftingsmøte FLKI 16.06.2025
Sak 1 Oppfølging av saker frå ID-møte 19.05.2025
Ingen saker
Sak 2 Informasjon frå leiinga
Informasjon om MOSO (notat vert ettersendt)
Informasjon om stedfortreder for prodekan for forskning
Informasjon om framtidig fordeling av midlar til vidareutdanningar (sjå vedlegg)
Svar på henvendelse om nedtrekk på 27% på tildelingar frå KD, jfr. sak på forrige ID-møte (sjå vedlegg)
Prosjektmandat (sjå vedlegg)
Sak 3 Saker innmeldt frå tillitsvalte og hovudverneombod
Om oppfølging av den økonomiske situasjonen ved FLKI og bruken av arbeidsgrupper – sak innmeldt frå Utdanningsforbundet (sjå vedlegg)
FF støttar initiativet til Utdanningsforbundet og stiller seg bak spørsmåla som blir stilt.
FF også kritisk til at spørsmåla knytt til forskingsprogramleiarane, der fleirtalet var kritiske til forslaget frå arbeidsgruppa, ikkje fekk gehør.
Sak 4 Drøftingssaker
Prinsipp for oppsett av arbeidsplanar – revisjon (sjå vedlegg)
Få merknadar til dei reviderte prinsippa, men FF har ein kommentar knytt til:
5.2 Sjukdom og permisjon. Sjukmelding er utfordrande. Det andre punktet «ved lengre» bør kortast ned til eit færre tal dagar og bli ein hovudregel. På den måten vil ein kunne unngå «strategiske» sjukmeldingar, eventuelt sjukmeldingar som fører til skeivbelastning for andre tilsette.
Sak 5 Eventuelt
Status for arbeidsplanar. Skal vere klare 1. juni kvart år. Det er ikkje alle som har fått arbeidsplanar endå, noko som gjer planlegging av neste studieår vanskeleg.
Opplæring av assisterande instituttleiarar. Kva opplæring får assisterande innan funksjonsansvaret?