Til stades: Ingvild, Terje, Håvard og Rosa
Saksliste
Innmeldte saker
Ingen innmeldte saker
Saker knytt til ID-møte 23.03.2026
Sak 1 Oppfølging av sak
Ingen saker
Sak 2 Informasjon frå leiinga
Oppstartsveka for tilsette Slik blir oppstartsveka i FLKI hausten 2026 - Høgskulen på Vestlandet
FF: Ferieavvikling blir vanskelegare og den totale belastninga større grunna tidleg studiestart. Er det noko som kan bli sett på?
Prosess verv som forskingsprogramleiarar
Møte med prorektor for utdanning om studieporteføljen 26/27
Årshjul over drøftingssaker til ID-møte (sjå vedlegg)
Kompis
Ny felles rammeplan, status
Erfaringar frå innspelsmøte i medverknadsprosessen
FF: Det blir korte fristar og mangel på ledige møteonsdagar, i tillegg til spørsmål knytt til kva som skjer med innspela.
Utdanningskvalitet og råd og utval innan utdanning
Sak 3 Saker innmeldt frå tillitsvalte og hovudverneombod
Sak frå UDF og FF; Ny felles rammeplan (sjå vedlegg)
FF: Støttar framlegget.
Sak frå Akademikarane; Kvalifiseringsstillingar og tilrettelegging av kvalifiseringsløp (sjå vedlegg)
FF: Støttar at tematikkane bør løftast opp, men at det er nødvendig å ta den per fagmiljø og kva kompetanse som manglar.
Sak 4 Orientering frå organisasjonane
Sak 5 HMS - Orientering frå hovudverneombodet
Sak 6 Drøftingssaker
1. Budsjett 2026 (sjå vedlegg – to dokument)
FF: Tar saka til orientering og er positive til at den «frie reisepotten» blir auka til 20000,-.
Fakultetsplan (vert ettersendt)
Kommentarar: Verksemdmål 1: Det står at fakultetet skal «implementere ny felles rammeplan». Dette bør endrast til same ordlyd som rektors, der det står at fakultetet skal «arbeide med implementering».
Kva konsekvensar ser fakultetsleiinga i tiltaket å «gjere fleksible studietilbod (EVU, nett og samlingar) til ein integrert del av rekrutteringsstrategien» for dei mindre campusane i lys av punktet om studentane sitt læringsmiljø i oppdragsbrevet.
Sak 7 Eventuelt
Neste møte er dagssamling 20. april. Det er fint om alle tenker igjennom og kjem med forslag til tema/saker ein ønskjer fokus på denne dagen. Evaluering av partssamarbeidet vil vere ei sak.