Dato: 18.02.2026
Til stades: Terje, Håvard, Rosa
Saksliste
Aktuelle saker
Invitasjon frå Forskarforbundets foreining for lærerutdanning (FFL) og Line Alice Ytrehus om å vere med å arrangere ei konferanse i Bergen i april/mai 2027 i samband med landsmøte. Tematikken blir truleg handle om effektane om endringa i rammeplanen for lærarutdanningane og dei spenningane, risikoane og moglegheitene som ligg i det. Klubben blir invitert til å eventuelt å delta i utforming av program, keynotes, vilkår, osv.
Klubbleiar gir tilbakemelding til Line Alice om at klubben er positive til å vere med.
Sakliste informasjon- og drøftingsmøte FLKI 23.02.2026
Sak 1 Oppfølging av sak:
Tilskotsordninga og konsekvensar det gir for arbeidsforhold (innmeldt av HVO)
Sak 2 Informasjon frå leiinga
Prosessar kring tilsettingar i stillingar/verv
Økonomi
NOKUT-tilsyn om universitetssøknaden
Arbeidet med fakultetsplan
Dialogmøte med einingane
Sak 3 Saker innmeldt frå tillitsvalte og hovudverneombod
Ingen saker innmeldt
Sak 4 HMS - Orientering frå hovudverneombodet
Sak 5 Drøftingssaker
Sak 6 Eventuelt
FF-FLKI ser det som vanskeleg å diskutere sakene til ID-møtet så lenge det ikkje følgjer med vedlegg som viser kva fakultetsleiinga ønskjer å informere om knytt til dei enkelte tematikkane på sakslista. Klubbleiar tar det opp under «Eventuelt» i ID-møtet.
FF-FLKI vil føreslå at dekanen sørgjer for å ha eit tematisk årshjul for drøftingssakene til ID-møta.