Postet 20. mai 2026
Når du er teken ut i streik, skal du mellombels leggje frå deg alle arbeidsoppgåver for HVL. Dette skuldast brot i tariffoppgjeret mellom staten og Unio. Under streik deltek du i ein arbeidskamp, og fagforeininga disponerer deg som arbeidstakar.
I årets oppgjer er meklingsfristen 28. mai, og første mogleg streikedag er difor fredag 29. mai.
Dette gjeld for deg som streikar:
Du skal ikkje arbeide for HVL Du skal ikkje utføre arbeidsoppgåver for HVL, verken på campus, heime eller digitalt (e-post, Canvas, Teams o.l.). Å levere til dømes søknader om forskingsmidlar under streiken vert rekna som streikebryteri, uavhengig av kor viktig du meiner oppgåva er.
Du får ikkje ordinær løn Arbeidsgjevar trekkjer løn for streikedagane. I staden mottar du streikestønad frå Forskerforbundet. Målet er at du skal vere tilnærma økonomisk skadeløys når streiken er avslutta.
Unio overtek arbeidsgjevaransvaret Du skal følgje streikepålegg frå fagforeininga. Dette kan innebere krav om streikevakter, oppmøte eller annan organisert aktivitet.
Du kan ikkje utføre frivillig akademisk arbeid Undervising, rettleiing, sensur, forsking, møteverksemd og administrativt arbeid er ikkje tillate under streik. Sensuroppdrag for andre arbeidsgjevarar enn HVL kan likevel gjennomførast, så lenge oppdraget ikkje vert påverka av streiken i staten. Det er viktig at du opptrer ryddig og melder frå til den lokale streikekomiteen når slike oppdrag vert gjennomførte.
Arbeidsgjevar kan ikkje krevje arbeid Arbeidsgjevar har ikkje rett til å påleggje deg arbeid medan du lovleg deltek i streik.
Dette gjeld under streik:
Du har ikkje ansvar for arbeidsoppgåver ved HVL medan du streikar, og kan heller ikkje haldast ansvarleg for at oppgåvene ikkje vert utførte. • Arbeidsoppgåvene dine kan ikkje utførast av kollegaer eller innleigde arbeidstakarar. Dette ville vere streikebryteri.
Viktig å hugse:
Det er berre dei som er tekne ut i streik som streikar – andre tilsette skal arbeide som normalt. • Streiken kan verte avgrensa, utvida eller avslutta på kort varsel. Hald deg oppdatert via fagforeininga. • Dersom det vert oppnådd semje, skal du gå tilbake i arbeid straks. • Planlagt ferie i streikeperioden kan gjennomførast som normalt.
Kva gjeld dersom du ikkje er teken ut i streik, men Unio og Forskerforbundet er i streik?
Dersom du ikkje er teken ut i streik, gjeld følgjande:
Du skal opptre lojalt og solidarisk med dei som streikar. • Du skal utføre arbeidsoppgåvene dine som vanleg.
Du mottar ordinær løn.
Du kan ikkje nekte å arbeide eller ta streik på eige initiativ.
Du kan heller ikkje utføre arbeid som til vanleg vert utført av streikande kollegaer. Dette er forbode streikebryteri.
Dette er heilt normalt og uproblematisk.
For meir informasjon viser vi til Unio: Siste fra lønnsoppgjøret