Postet 25. juni 2026
Vi tillitsvalde ved HVL sende brev til høgskulestyret og ba om fem millionar kroner ekstra til lokale lønsforhandlingar (se nedenfor). Dette for å kunne auke konkuransekrafta til HVL og handlingsrommet i lokale lønsforhandlingar. Forskerforbundet er glade for at høgskulestyret løyva 5 millionar kroner ekstra til lokale lønaforhandlingar! Vi ser fram til gode forhandlinga med arbeidsgjevar.
Meir informasjon om forhandlingane på HVL, fristar og møter kjem. Følg med!
Fagforeningane sende følgande brev til styret:
Styret ved Høgskulen på Vestlandet – Lønsoppgjeret 2026
Tillitsvalte ber styret å tilføre fem millionar kroner i ekstra midlar til dei lokale lønsforhandlingane ved HVL, for å heve HVL sitt svake lønsnivå og følgje lønsutviklinga i staten elles.
Våre medlemmar har lagt ned ein formidabel ekstrainnsats for å komme i mål med omstillingsarbeidet til HVL, samstundes som arbeidet med universitetsambisjonen har fortsatt med uforminska styrke. HVL har no gjenvunne budsjettkontroll og kan vise til eit mindreforbruk og auka eksternfinansiering. Tillitsvalde legg merke til at fleire institusjonar aktivt satsar på sine tilsette og aukar potten til lokale lønsforhandlingar med solide beløp frå styra. No er tida inne for å løne den innsatsen våre medlemmar har lagt ned, og at styret viser dei verdset sine tilsette og lønar innsatsen med ekstra tilskot til lokale lønsforhandlingar 2026.
Vi opplever at vi mistar kompetanse og at våre medlemmar vel å arbeide på andre institusjonar både i privat og kommunal sektor i tillegg til andre arbeidsgjevarar i staten, på grunn av lønsnivået. Samanlikna med andre UH-institusjonar i Noreg, er lønsnivået ved HVL kritisk lågt. Dette gjeld dei vitskaplege stillingane, som i stor grad ligg under landssnittet, men det gjeld i høgste grad også for teknisk-administrative stillingar. For å lukkast med universitetsambisjonen er HVL heilt avhengig av tung spesialistkompetanse. HVL taper difor konkurransen om kompetanse i både vitskaplege og administrative stillingar. Det vart ikkje løyva ekstra midlar til lønsoppgjeret 2025, og vi fekk ikkje gjort noko med HVL sin posisjon nasjonalt dette året. HVL må nytte løn som verkemiddel for å halde på kompetanse, særleg no som me skal verte Univest.
I det årlege lønsoppgjeret betalar vi for glidning, dette er ein stipulert sum staten er forventa å nytte på lønsdanning utanom dei årlege lønsforhandlingane. HVL må minimum ta sin del av den forventa glidinga, og HVL sitt glidningstal må ligge over det nasjonale glidningstalet for at lønsnivået relativt sett skal auke og HVL si konkurransekraft betrast. Statens satsing på mellom anna forsvaret gjev no særs høg glidning i den delen av staten, noko vi er med på å betale for i det sentrale oppgjeret. Tilskot frå styret er heilt avgjerande for at HVL skal tette lønsgapet mot resten av sektoren. Tillitsvalde viser til møtet mellom forhandlingsleiar i UNIO Steinar Sæther, Jan Pieter Groenhof og Gjert-Anders Askevold frå Forskerforbundet og Gunnar Yttri, Tage Båtsvik og Anette Fristad frå HVL, om lønssystem og gliding i staten.
HVL må aktivt ta i bruk alle verkemiddel i hovudtariffavtala for å gjere HVL konkurransedyktig. Frå tillitsvalte si side er det utfordrande å få gjennomslag på andre arena enn gjennom lokale lønsforhandlingar. Verkemiddel som lønsforhandling etter hovudtariffavtala kap. 2.5.3 Særleg grunnlag og kap. 2.5.5 punkt 3 lønsvurdering eitt år etter tilsetting må takast aktivt i bruk for å auke konkurransekrafta til HVL. Vi viser elles til protokolltilførslane frå lønsoppgjeret 2025, sjå nedanfor.
Vi ber om 5 millionar ekstra til lokale forhandlingar.
Helsing:
Unio, Akademikerne, LO og YS