Referat Forskerforbundet HVL styremøte
Dato: 24.02.26
Deltakare: Gjert Anders, Olav Christian, Terje, Svein Magne, Jan Ove.
Forfall: Sigrid, Linda.
1. Møteleiar: Terje
2. Referent: Jan Ove
3. Referat lokallagsstyremøte 30. januar
a. Ingen merknader til referatet.
4. Informasjonssaker (10 min)
a. Tillitsvalt-kanalen (dagsaktuelle saker, arena for dialog mellom lokallag og politisk leiing)
b. Møte med rektor (faste, uformelle månadlege møter)
c. Møte VINS- tillitsvalde (møte med dei HTV kvar månad)
d. Medlemslistene (Gjert Anders har gjort oppdateringer. Alle må medlemmene må sjekke opplysningene på Min Side)
e. Forskerforbundet si sentrale rekrutteringskampanje (startar 18.mars og sluttar 30. april. Alle nye medlemmer får innmeldingsgåve (sekk). Verve-konkurranse for tillitsvalde)
f. Evaluering av organisering av lokallag (Arbeidsgruppa har hatt sitt fyrste møte. Kristin Hinna leiar arbeidet. Det vert utarbeid ein intervjuguide.)
5. Vedtakssaker (40 min)
a. Rekrutteringsstrategi
Gjert Anders og Olav Christian har utarbeidd eit forslag. Gjert Anders presenterte strategien, med særleg merksemd på endringane.
Kommentarar i møte: Strategien må følgast opp med ein meir konkret/detaljert handlingsplan. Det må vere lokale aktivitetar tilpassa kva campus. Må ha særleg merksemd på prioriterte grupper.
Vedtak: Strategien blei einstemmig vedtatt. Handlingsplan kommer opp på neste styremøte (9/3). Gjert Anders og Olav Christian utarbeidd forslag til plan.
b. Endring av retningslinjer gåve veldedige organisasjonar
Olav Christian presenterte forslag til endring i retningslinjer for gåve til veldedige organisasjonar. Gåva til veldedige organisasjonar kjem i staden for julegåve til medlemmene. Nivået på gåva avgjer årsmøte i saka om budsjettet. Medlemmene kan spele inn forslag til organisasjonar kvar haust.
Det kom innspel i møtet på at orda «mangfold» og «demokrati» må inn i retningslinjene.
Vedtak: Forslaget til endringar i retningslinjene blei einstemmig vedtatt. Olav Christian oppdaterer retningslinjene.
c. Lokallagsstyret vedtek sakspapir til Årsmøtet, sjå mappa for årsmøte 26
Innspel i møtet:
Punkt om vedtektsendring manglar i dagsorden.
Dagsorden bør også vere på engelsk
Arbeidsprogrammet må endrast på to punkt: Arbeid med evaluering av lokallaget på inn. Samt ein mindre negativ omtale av den økonomiske situasjonen ved HVL. Gjert Anders lager forslag til justert arbeidsprogram.
Når det gjeld endringar i vedtektene så bør ein berre gjere mindre endringar på årsmøtet i år. Jan Ove lager forslag til justerte vedtekter.
Vedtak: Styret vedtok einstemmig sakspapir til årsmøte, med dei merknadane som kom i møtet.
6. Drøftingssaker (30 min)
a. Invitasjon til samarbeid SAIH ved Olav Christian Invitasjon til samarbeid
Ikkje aktuelt med eit formelt samarbeid no. Gjert Anders svarar SAIH.
b. Sak frå Klubben på FHS: involvering av tillitsvalte på instituttnivå v/Linda
Saka blei trekt sidan Linda hadde meld forfall.
c. Erstattar for Linda Thue Lydersen i gruppa som arbeidar med evaluering av lokallag.
Forslag: Håvard Ulstein
Styret vedtok at Håvard erstattar Linda i arbeidsgruppa. d. Handlingsplan LIM Drøftingsmøte 26. Februar
Handlingsplanen manglar campus-perspektivet. Elles ingen merknader. e. HVL styresaker møte 4.-5. mars. Oversikt styresaker - forslag til køyreplan informasjonsmøte - IDF
Saka blei trekt. Eiga møte om styresaka 26/2.
7. Eventuelt
a. OU seminar Alexandra – Loen.
Kort orientering om program/status. Olav Christian og Jan Ove følger opp.
b. Seniorreduksjon i arbeidsplanen. Sak frå Klubbane FHS, FLKI og FTMS.
Saka må følgast opp på IDF. Gjert Anders lagar forslag til innspel og følger opp mot arbeidsgjevar.